Velkommen til Vikedal Dykkarklubb

Ny båtmotor!
Det er med stor begeistring me i styret i Vikedal Dykkarklubb kan anonsere at me endeleg har fått på plass ny motor til båten vår. Den gamle 70 hestaren havarerte som kjendt i sommar, og me har jobba iherdig med å få finansiert ein ny motor. I den forbindelse vil me rette ei stor takk til Vikedal Roots Music festival og Sommarfestivalen som ytte uvurderlig støtte til oss! Så nå ser me alle fram mot ein vinter med krystallklar Vindafjord og mange fine turar under og over vatn!

Romjulsdykk 2009
Vikedal Dykkarklubb har som tradisjon å invitere til dykketur i romjula. Dette må me få til i år også! Me vil difor invitere medlemmer og andre til tur lørdag den 26.desember. Me satsar på å bruke vår eigen gummibåt på turen, og målet bestemmer turdeltakarane! Ta kontakt med Leiv øystein på tlf 97649322 for påmelding!

Årsmøte i Vikedal Dykkarklubb
Me inviterer alle våre medlemmer til årsmøte i Vikedal Båthamn onsdag 6. februar. Sakliste>

Årsmelding 2007
Nok eit år er gått med futt og fart i Vikedal Dykkarklubb!! les årsmeldinga her>

Vikedal Dykkarklubb 20 år!
Lørdag 29. desember inviterte me til jubileums-dykk for å markere at klubben vår har overlevd i 20 år!! les meir >

Invitasjon til Jubileumsdykk 29.desember 2007
I år feirar me faktisk 20 års jubileum i Vikdal Dykkarklubb, og i den anledning inviterar me no til ein liten samankomst for å markere dette. Me i styret meiner det er på sin plass med ein dykketur med skjøyta til Bassen. Me legg ut fra båthamna i Vikedal laurdag morgon kl 10:00. Nøyaktig mål for turen er ikkje heilt klart ennå, men "Flunå", Kråkeneset, "Stavangeren" eller Hapnes er aktuelle plasser. Det er god plass på skjøyta, så det går fint an å ta med familie på denne turen. Me håpar det er mange som vil vera med på denne turen. Det er tross alt lenge sidan me arrangerte sist tur saman! Gi ein lyd til Leiv Øystein (97649322) dersom du vil bli med!

PS: Me satsar på at den "nye" båten vår er montert til turen, slik at me får teste denne også! 17,5' Zodiac med 70Hk. ;-) Snakkast

Nytt telefonnummer til Haukeland AMK
Det nye nummeret for dykkarhenvendelsar er 55364550. les meir >

Luftfylling i Vikedal
Kjem du til Vikedal og treng luftfylling? Ta kontakt så hjelper me deg! les meir >

Pinsedykk ved Kråkeneset
Nå var det på tide å komme seg i sjøen igjen og me bestemte oss for å utforske nye dykkemål i Vindafjorden. les meir >

Nytt klubblokale
Etter mange år i det gamle kaihuset i Vikedal, er det no ei glede å kunne ta ibruk dei nye lokala i "Langhuset" ved Vikedal båthamn! les meir >

 

Ulykka er ute!

Kva gjer du dersom noko uforutsett skulle skje? Les her >

Dykkebilder frå distriktet