Styret 2007:
Formann: Leiv Øystein Leifsen
Nest formann: Jon Bjarte Langballe
Kasserar: Gro Anett Espevoll Leifsen
Sekretær: Jon Birger Wold
Styremedlem: Tore Langballe
Medlemmer 2007:
Det har ikkje komme nye medlemmer til i 2007 og me er i alt 19 betalande medlemmer i Vikedal Dykkarklubb.
Aktivitetar:
Me har ikkje hatt nokon styremøter i 2007, og siste ordinere møte var Årsmøtet som blei halde 22. feb 2007. Me hadde derimot eit ekstra-ordinert medlemsmøte i forbindelse med opptak av lån i Haugesund sparebank i november 2007.
I år som i fjor har det blitt gjort eindel dugnad i båthamna iform av sikring av flytebrygger og diverse. Me har også stilt med dykkevakter i forbindelse med Sommarfestivalen i Vikedal. Me hadde som målsetting å organisere eit medlemmsdykk kvar månad i 2007. Dette er eit mål me dessverre ikkje har nådd. Leiaren håpar på ny giv i 2008.
Klubbhuset:
Me har fått på plass 9 stk låsbare garderobeskap i dei nye lokalene våre. Alt utstyr er no flytta fra det gamle kaihuset og bort i langhuset i Vikedal båthavn. Det er fortsatt ein del som må gjerast når det gjeld innredning av lokalet vårt, men det byrjar no å ta form.
Ny båt:
I november gjekk Vikedal Dykkarklubb til innkjøp av ein 17,5 fot Zodiac gummibåt med 70 Hk motor. Dette var ei investering på kr 40000,-. Me finansierte dette med 25000,- i eigenkapital, samt eit lån i Haugesund sparebank på 15000,-. I forbindelse med investeringa vart det søkt om støtte på kr 15000,- fra Haugaland kraft sitt ungdomsfond som deler ut midler på nyåret. I tillegg er det søkt om kr 5000,- sponsormidler fra Baker Hughes.
Me håpar den nye båten blir eit godt hjelpemiddel for å komme seg ut på nye og gamle dykkeplasser i distriktet. Båten blir liggande på fast plass i Vikedal båthavn rett utanfor lokalet vårt. Denne båtplassen er sponsa av Vikedal båt og turistsenter.
20 års jubileum:
I forbindelse med at Vikedal dykkarklubb i år feirar sitt 20 års jubileum, blei det invitert til jubileums dykk i romjula. 7 dykkerar reiste ut med skøyta til Bassen laurdag 29.desember, og hadde to dykkemål denne dagen. Sidan dette var årets einaste arrangerte dykketur i regi av Vikedal dykkarklubb, var det hyggelig at så mange kunne bli med.
Økonomi:
På grunn av båt-investeringa har klubben brukt opp mykje av eigenkapitalen, samt tatt opp eit lån på kr 15000,- i 2007. Andre ting me brukar pengar på er vedlikehold av utstyr og nye filter til kompressorane våre. På innektssida er fortsatt bingoane den viktigaste bidragsytaren. På totalt tre bingoar har me fått inn kr: 11100,-. Innekter fra medlemskontigentar har i år gitt oss kr 4100,-. Me blei også tilgodesett med kr 10000,- fra Haugaland kraft sitt ungdomsfond i forbindelse med båtinvisteringa.
Leiar: Leiv Øystein Leifsen
Vikedal 20/01/2008
|