Lørdag 29. desember inviterte me til jubileums-dykk for å markere at klubben vår har overlevd i 20 år!! Me starta dagen i båthamna i Vikedal kl 09:00 om morgonen. Det var mildt sagt eit gyselig vêr med vind og regn. Men det skremmer ikkje hardbarka dykkerar, og me vart heile sju dykkerar med på turen. Bassen var snill og stillte med skøyta si "Anna", og når alle hadde fyllt luft på flaskene sine for me avgårde ut på fjorden. Første målet var hellandshamn, der me fekk oss eit dykk på vraket av fraktebåten Stavangeren. Sikten var middels bra, pga all nedbøren som har komme etter jul, men det var slett ikkje verst likevel. Når alle mann var vel ombord igjen i "Anna", heva me anker, og gjekk innover Imslandsfjorden. Me fann oss ei rolig vik rett innom Kråkeneset, og gjorde oss klar til dykk nr to. Her hadde ingen av oss dykka før, så det var litt spennandes å sjekke bunnforholda. Me gjekk ned langs ein fjellvegg og landa på ca 20 meter på ei sandslette. Her var det eindel kamskjell og ein og annan taskekrabbe som budde. Litt bedre sikt i dette området samanlikna med Hellandshamn. Det var generellt lite fisk å sjå på begge stadane, men mange fine sjøanemoner og sjøstjerner.
Me var tilbake i Vikedal kl 15:00, og alle var einige om at det hadde vert ein fine tur :-)
Til slutt vil eg berre få takka alle som var med for laget! Det var utrulig morro at det var så mange som tok seg tid i denne "travle" tida. Eg håpar samtidig at me kan få fleire liknande turar saman i det nye året! Mvh Leiv Øystein Leifsen |